10. november 2025

Nye tannrens-maskiner på plass ved Konval Dental

No er tannrensmaskinene frå NSK (Varios Combi Pro2) komt, og vi kan tilby endå betre og meir behageleg reingjering av tenner!

Vi har gleda oss til dette sidan vi var på kurs i oktober.

2. oktober 2025

Kurs i minimal invasiv peridontal behandling

I dag har heile kontoret vore på kurs i regi av LIC Scadenta og NSK Nordic. Vi er motiverte til å ta med oss ny kunnskap tilbake til klinikken og pasientane våre!

Vi har bestilt inn mykje nytt utstyr som vi brukar til rensing av tenner.

4. juli 2025

Sommaren 2025

Konval Dental held ope heile sommaren.

Vi avvikler ferie til ulike tider, så derfor er det noko redusert bemanning gjennom sommaren. Men vi prøver så godt vi kan å hjelpe pasientane våre som skulle ha behov for tannlegehjelp.

Vi ønsker alle ein god sommar!

13. april 2025

Påska 2025

Vi avvikler litt ferie ifm. påske, men fordeler dagane mellom oss og har normale opningstider mandag-onsdag 0800-1530. Deretter held vi stengt fram til tysdag 22. april.

Vi ønsker alle ei god påske!

2. april 2025

Tannlege Terje Fjellestad begynner ved Konval Dental

I dag hadde Terje sin første arbeidsdag ved Konval Dental.

Vi ønsker Terje, Marit, Eva og alle pasientane hans velkommen til Hafstadvegen 27!

14. mars 2025

Kurs i Balestrand

Tannlegekontoret held stengt fredag 14. mars grunna kurs.

Vi hadde to spennande dagar i Balestrand, med både godt fagleg innhald, fantastisk mat og ikkje minst sosialt lag med gode kollegaer.

Temaet for kurset var kompositt med tannlege Tom Paulseth, og foredrag om ledelse, motivasjon og samarbeid på arbeidsplassen med Espen Nakstad.

8. mars 2025

Kirurgi-tilbod ved Konval Dental

Tannlege David Nikolai Breidablik Vatne er spesialistkandidat i oral kirurgi og oral medisin ved UiB. Han jobbar ved Konval Dental ca ein laurdag i månaden og hjelper oss med blant anna tanntrekkingar, tenner som må fjernast kirurgisk, vurdering av slimhinnelidelsar og rotspissamputasjonar. Vi er kjempeglade for å ha han med på laget!

21. februar 2025

Jon Ottar 70 år

I dag fyller vår kjære kollega og venn 70 år!

Vi håpar du får ein fin dag med familie og venner.

Vi set stor pris på deg, Jon Ottar!

Gratulerer så mykje frå gjengen din i Konval Dental

5. februar 2025

Ny tannlege ved Konval Dental

Tannlege Johanna Aase Fransson har jobba to dagar i veka ved Konval Dental sidan i sommar, men frå 10. februar begynner ho for fullt hos oss.

Ho har kapasitet til å ta i mot nye pasientar!

Vi ønsker Johanna hjarteleg velkommen til oss :)

24. desember 2024

Jula 2024

Vi vil få ønske alle våre pasientar, kollegaer, samarbeidspartnarar og andre vener, ei riktig god og fredfull jul!

Vi hjelper med eventuelle akutte tannproblemer både fredag 27. des og mandag 30. des (telefontid 0800-1100)