Vi har kapasitet til å ta i mot nye pasientar
Tannlegane Britt Nina Kleppe Frøholm, Jon Ottar Askevold, Live Amalie Aamot Osen, Timothy Butcher, Johanna Aase Fransson, Terje Fjellestad og Anna Marlene L. Hereid held til i lyse og moderne lokale i Sentrum Sør.
Tannpleiar Gunn Helen Kleppe Frøholm tek undersøkelsar, jobbar med førebygging, utfører tannrens, behandlar periodontitt og kan hjelpe med tannbleiking.
Spesialistkandidat i oral kirurgi og oral medisin, tannlege David Nikolai Breidablik Vatne, tilbyr kirurgisk tannbehandling ca ein laurdag i månaden.
Adressa vår er Hafstadvegen 27, 6800 Førde.
Vi er del av eit kontorfellesskap av tannlegar kalla Sentrum Sør Tannhelsesenter.
VÅRE ANSATTE
-

Britt Nina Kleppe Frøholm
TANNLEGE
Britt Nina begynte å jobbe hos Jon Ottar som ekstrahjelp i 2013 då ho var student. Etter fullført utdanning ved UiB i 2015 begynte ho å jobbe fast. Ho kjøpte praksisen av Jon Ottar i 2021.
Eksamen i Odontofobi / tannlegeskrekk
Straumann - Kurs i implantatprotetikk
-

Jon Ottar Askevold
TANNLEGE
Jon Ottar var ferdig utdanna ved UiB i 1980, og starta privatpraksis for seg sjølv i 1986. Fleire av våre pasientar har gått til han sidan oppstarten. Jon Ottar er kjent som ein dyktig og behageleg tannlege, og har redda tenner og kurert tannlegeskrekk i Førde i over 40 år. Han jobbar framleis litt hos oss, ca ein dag i veka.
-

Live Amalie Aamot Osen
TANNLEGE
Live Amalie var ferdig utdanna ved UiB i 2019 og begynte då rett i jobb hos oss. Før dette var ho ekstrahjelp hos oss i feriar. Live Amalie er nøyaktig og kvalitetsbevisst, og har etter kvart blitt ein erfaren tannlege.
Eksamen i Odontofobi / tannlegeskrekk
Straumann - Kurs i implantatprotetikk
-

Timothy Butcher
TANNLEGE
Timothy begynte hos oss i januar 2024. Han er svært imøtekommande, og får pasientane til å kjenne seg trygge og ivaretatt. Han er utdanna tannlege ved UiB, men er også radiograf med fleire års erfaring.
-
Johanna Aase Fransson
TANNLEGE
Johanna var ferdig utdanna ved Universitetet i Bergen i 2024, og begynte rett i jobb hos oss. Ho kjem frå Førde, og jobba ved Konval i feriar dei siste åra av utdanninga. Johanna er roleg, nøyaktig og opptatt av kvalitet.
-

Terje Fjellestad
TANNLEGE
Terje har hatt privat praksis i fleire tiår, siste 25 åra har han helde til ved Best bensinstasjon i Førde. I april 2025 var vi så heldige å få han med som kollega ved Konval Dental. Han har tatt med seg assistentene og pasientane sine over til Hafstadvegen 27, og jobbar ca 3 dagar i veka.
-
Anna Marlene L. Hereid
TANNLEGE
Vi var så heldige å få med Anna Marlene på laget våren 2026. Ho er utdanna tannlege frå Madrid der ho fullførte studiet i 2021, og har fem års erfaring frå privat praksis. Anna Marlene er alltid smilande og ser løysingar framfor problem.
Straumann - Kurs i implantatprotetikk
Straumann - Kurs i ClearCorrect
-

David Nikolai Breidablik Vatne
TANNLEGE / SPESIALISTKANDIDAT
David er tannlege med over 10 års erfaring frå allmennpraksis. Han er for tida spesialistkandidat i oral kirurgi og oral medisin ved UiB. Han bistår oss med kirurgisk tannbehandling, f.eks. fjerning av visdomstenner, ca ein dag i månaden.
-

Gunn Helen Kleppe Frøholm
TANNPLEIAR
Gunn Helen var ferdig utdanna ved UiB i 2014, og jobba mange år hos Kjeveortopedane før ho begynte fast hos oss i 2020. Ho er roleg og behageleg, men likevel effektiv.
-

Caroline Tonning Sønnervik
KLINIKKSJEF
Caroline har vore hos oss sidan 2017. Ho er pliktoppfyllande, løysingsorientert og alltid smilande. Ho har også hovudansvar for det administrative i praksisen.
-

Heidi Mallasvik Øvrebø
TANNHELSESEKRETÆR
Heidi har jobba med Jon Ottar i 39 år og er svært erfaren. Ho er godt likt av pasientane våre pga. det gode humøret og evnen til å få dei til å slappe av hos oss.
-
Eva Årdal
TANNHELSESEKRETÆR
Eva begynte hos oss i 2021. Ho er arbeidssom og alltid blid! Etter nokre år i bransjen, etterutdanna ho seg ved sidan av jobb i perioden 2021/22, og blei autorisert tannhelsesekretær sommaren 2022.
-

Mariell Vilnes Førde
TANNLEGEASSISTENT
Mariell begynte hos oss i 2022 og kom raskt inn i jobben. Ho er imøtekommende og strukturert, og har ein roleg og behageleg veremåte.
-

Stine Kalstad
TANNLEGEASSISTENT
Stine jobbar med oss to dagar i veka, og er positiv og arbeidssom. Ho jobbar også ved eit anna tannlegekontor.
-

Marit Kauppi
TANNLEGEASSISTENT
Marit er sprudlande og smilande, og har jobba hos tannlege Fjellestad i fleire år før ho blei med over til Konval Dental i 2025.
-

Natalie Sønnervik
EKSTRAHJELP
Natalie er ekstrahjelp hos oss, og hjelper til med sekretæroppgåver som rydding, avspriting og oppdekking av behandlingsrom, reingjering av utstyr og anna arbeid på sterilen.
-

Synne Askevold
EKSTRAHJELP
Synne har jobba som ekstrahjelp ved klinikken sidan 2015, og er etter kvart rutinert vikar. Ho stepper inn og hjelper oss i forbindelse med feriar.